tirsdag 18. september 2012

Teiknspråk

Eg er misunneleg. Misunneleg på dei som kan teiknspråk. Teiknspråk er eit fascinerande språk. Eit språk som er skrudd saman på ein heilt annan måte en norsk (eller for den del nederlandsk eller tysk). Teiknspråk føreset ein fri siktlinje mellom brukarane, god kontroll på muskulaturen i hendene og andletet og eit skarpt auge for små detaljar.

For kvart ord, men også for nokre uttrykk,  finst det ein eigen håndbevegelse. Teiknspråk er i så måte ikkje ulikt fjerne framandspråk som japansk og kinesisk. I tillegg finst det eit såkalla einhåndsalfabet som gjer det mogleg å "bokstavere" ord med utgangspunkt i den norske skrivemåten.

Apropos norsk: Norsk teiknspråk er ikkje umiddelbart forståeleg for utenlandske teiknspråkbrukarar! Og innanfor det norske teiknspråket finst det også dialektale forskjellar, akkurat som i norsk ellers.

Teiknspråk er ikkje berre eit morsmål for døve og høyrselshemma, det er også skular og høgskular som tilbyr teiknspråk som framandspråk til høyrande elevar. Blant desse er Nordahl Grieg vgs. i Bergen og Høgskulen i Sør-Trøndelag. 

Prøv Teiknordboka på nett:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar