onsdag 7. mars 2012

Utlandet

Du har lyst på ein tur til utlandet, men du veit ikkje kor du har lagt passet? Ikkje noko problem, Noreg har alt du treng. Berre følg med på denne tredagers turen til Utlandet.

Me startar søraust i landet i Halden. For det er ikkje berre i Oslo ein kan gå over Grønland utan å fryse i hel, også Halden har sitt Grønland - rett ved stasjonen, Tista og Bybrua. Me held oss til vatnet, padlar ned elva til Iddefjorden og derfrå opp Oslofjorden heilt til me er framme i Rygge kommune. Her ligg Danmark, eit vakkert nes - eller øy, det kjem an på kor høgt vatnet står. Rett i nærleiken ligg Larkollen camping, kor me er trygge for natta.

Neste dag køyrer me til Gran, til innsjøen Vassbråa - midt i skogen. Sjøen er ikkje stor, og det same gjeld for øya Sverige. Her finn me sikkert ein lun stad kor me kan setje opp teltet. Ved siden av Sverige ligg for øvrig Noreg, men av kartet å dømme er det snarare ein ubetydeleg holme enn ei skikkeleg øy.

Tredje dag stikk me kjapt innom Holland, eit lite bruk mellom Hoff og Kapp på Toten, før me trør på gassen og køyrer E6 nordover til Trondheim og derfrå vidare helt til me kjem til Åsen nord for Trondheim. Her tek me til venstre og køyrer mot sola til Island, helt på tuppen av Frosta.


Siste dag må me stå opp tidleg, det er fortsatt eit stykke til me er framme ved målet vårt. Reisen går vidare nordover, gjennom Nordland, via stader med lovande namn som Høylandet (nord for Grong), Amerikadalen (ta av i Trofors) og Utsikten (ved gamle E6 nord for Mosjøen), heilt til me kjem til Rana kommune. For det er her Utlandet ligg, på nordsida av Ranfjorden - midt i Noreg. God tur!

PS. Dei som likar seg betre i varmare strøk, kan sjølvsagt reise mange stader i Noreg også: til Florida i Bergen, Frankrike i Snåsa, Greskeheia i Iveland eller t.d. Middelhavet i Vefsn. Hugs solkremen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar