onsdag 7. september 2011

S/s

Me held fram der me slapp i går, då me rangerte bokstavane etter popularitet. Bokstaven e vann kåringa, med r og t på dei neste plassane. (Legg merke til at dei første åtte bokstavane dannar "ordet" ertanis!) I andre enden av skalaen fant vi bokstavane som er gull verdt i Scrabble, men som også er vanskeleg å løysa inn: q, w, z.

Ut i frå det me fant ut i går, skulle ein kanskje forvente at dei fleste orda begynner med e. Slik er det ikkje. Igjen har eg utført eit lite eksperiment, denne gång med utgangspunkt i papirutgåva av Bokmålsordboka. Ordboka har litt over 1200 sider, og eg talte enkelt og greit opp antall sider pr. bokstav. Her er resultatet:

s 173
f 90
k 90
b 82
t 74
h 65
m 64
a 61
p 60
l 53
v 52
d 49
g 47
u 44
r 41
i 35
o 34
e 33
n 30
j 12
c 8
ø 7
å 6
y 3
w 2
q, x, z, æ 1

Bokstaven s er altså den store sigeren i dag, om lag kvar 7. side (!) i Bokmålsordboka er reservert for ord som begynner på s. Me må heilt ned til 18. plass før me kjem til e. Når alt kjem til alt er me altså ganske kresne: bokstaven e brukar me i hytt og pine, men me unngår e (men også andre vokaler) i byrjinga av eit ord.

Kvifor er bokstaven s så populær, og kvifor likar ikkje norsk vokalar i anlaut?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar