fredag 2. september 2011

Bille

Eg kjem ikkje fort til å gløyme pannekakene eg hadde til lunsj i går. Pannekake nr. 1 gjekk raskt unna, men då eg var halvvegs pannekake nr. 2 syntes eg at eg såg noko som ikkje høyrer heime i pannekaker (og heller ikkje i anna mat). Eg oppdaga det som viste seg å vere larven til ei melbille. Jau, ei bille. I maten min. Og billa var ikkje aleine, etter kvart fant eg ein god del fleire medlemmer i familien Bille i resten av pannekakene og røra.

Ifølgje nettstaden til Folkehelseinstituttet blei "brunsvarte melbiller første gang påvist i Norge i 1943, men er nå ganske vanlig i melvarer i hus og lager". Berre at det er sagt.

Ordet bille skal ifølgje Nynorskordboka vere i slekt med verbet å bite. Bokmålsordboka viser også til det engelske ordet beetle, som har beholdt t-en. Men i ordlyden minner biller meg også om en del ord dei ikkje naudsynleg er i slekt med, som bilete, billett, elven Bille i Hamburg og det nederlandske ordet billen (som betyr "baken"). Det er i det heile teke mange ord som startar på bil-

Kva slags småkryp fascinerer deg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar