søndag 11. september 2011

Val

Ordet for dagen må sjølvsagt bli val. Dette kommunestyrevalet blir mitt første val i Noreg. Stemmekortet ligger her rett foran meg, og eg gler meg som ein liten unge til valglokalet åpner kl 16. Endeleg!

Nynorskordboka har to litt ulike definisjonar for ordet val, ein nesten filosofisk definisjon og ein litt meir konkret definisjon:
1. Det å velje, det å ta noko heller enn noko anna.
2. Røysting for å peike ut personar til verv, stillingar e.l.

Eg har sans for definisjon nr. 1. I eit demokratisk val er det vår lovmessige rett (men også vår moralske plikt!) som borgarar å velje det partiet og dei personane me helst vil ha, altså heller enn noko(n) anna. Med andre ord: Me må setje eit kryss, sjølv om me kanskje ikkje alltid er samde i alt partiet og personen står for, og sjølv om me heller ikkje alltid er usamde i sakene dei andre partia og personane står får. 

Eg har bestemt meg, og eg er veldig spent på kva mine likemenn og -kvinner har bestemt seg for. Godt val!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar