søndag 6. november 2011

Zoologisk hage

Mange harryhandlande austlendingar er godt kjent med Svinesund. Men også resten av Noreg er ein einaste stor zoologisk hage, berre følg med:
  • I Hagedalsvatnet i Åseral ligg øya Apekatten
  • Midt i Fredrikstad snublar ein plutseleg over Bjørndalen
  • Lufthamna i Skien heiter Geiteryggen
  • På fiskefronten har me valet mellom Lakselv, Ålesund og Kvalsund (og mykje, mykje meir)
  • Det er 397 km frå Hønefoss i Ringerike til Hanekamhaugen i Rauma
  • I Sarpsborg finn ein, tru det eller ei, båe Myggedalen og Stikkaåsen
  • Honningsvåg ligg i Finnmark, men Biene held til i Grimstad og Arendal
  • Og til slutt, midt i Oslo har me Løvebakken
Noreg er med andre ord eit dyrerike!


1 kommentar:

  1. Bildet (som H har teke i sommar) er ikkje frå Strutsøya i Bømlo, men frå dyrehagen i Barcelona.

    SvarSlett