lørdag 8. oktober 2011

Pingvinar

Eg elskar pingvinar.

Eg har lært i biologitimane at pingvinar er ein fugletype, og det er sikkert riktig, men for å vere fugl er dei veldig flinke til å symje og heller dårleg til å fly. H tok dette bildet i sommer, og her må man virkeleg spørje seg: Er ein pingvin ein fugl eller ein fisk?


Pingvinar er elles einaste fugl som eg veit om som får det til å sjå ut som ein litt betenkt engelsk professor, slik som dei plar å gå rundt i snøfokk og dårleg ver med "hendene" på ryggen. Jau, det er ein klok fugl til: uglen. Ugler og pingvinar er nokre herlege fugl.

Fuglar er godt representert i metaforverda: alt frå strutsen som stikk hodet i sanden, lommelerken og svanesangen til den frie fuglen og ugler i mosen. Men det skal eg skrive om ein annan gong.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar