tirsdag 18. oktober 2011

Haust

Sola skin rett inn i stua på denne fine haustdagen i oktober, og det er godt og varmt her kor eg sit og studerer Norgeskartet på statkart.no. Slik får det gjerne vere ein stund til før det blir vinter.

Nordmenn er eit folkeslag som er opptekne av været og sesongane, og det er ikkje eit under at det så er mange stader i Noreg som har noko med haust (eller kanskje med innhaustinga?) å gjere: Haustdalen i Alvdal, Haustlandet i Flatanger, Haustsæter i Ringebu osv. Eg får med ein gong lyst til å leggje ut på ein lengre haustkøyretur.

Apropos årstider og stadnavn: Vinterbro er eit kjent veikryss sør for Oslo, Vårberg er ein fin by i Sverige og Bø Sommarland er sjølvsagt også verdt eit besøk. Då blir det haust-, vinter-, vår óg sommartur i eitt. Like greit.

Nyt hausten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar