torsdag 18. august 2011

Engelsk

Mange er uroa over påverknaden engelsk har på norsk. Nokon meiner at det er ein plage, og at me må gjere alt for å halde det norske språket reint. Eg er ikkje så uroleg, av to grunner.

For det første kan eg ikkje sjå at engelsk er i nærleiken av å fortrengje norsk, iallfall ikkje i daglegtale. Folk bruker ikkje så mange engelske ord i kvardagen, men det er dei få engelske orda som dei bruker som ein legg merke til. Rett nok er det eit domenetap på gong i akademia, men det heng saman med at norske forskarar i aukande grad beveger seg på den internasjonale parketten. Og der forstår dei ikkje norsk.

For det andre må me berre innsjå at Noreg ikkje er ein øy - verken språkleg, kulturelt eller økonomisk. Verda er ein kort flytur (og nokon få tastetrykk) unna. Språket endrar seg i takt med endringane i samfunnet, og det er ikkje til å unngå - tvertimot naudsynt! - at nye ord kjem til og gamle forsvinn. Språket er eit høgst levande vesen som skiftar andlet (og stemme) med åra. Med tida blir me vante med endringane, og me har heilt gløymt korleis språket så (og høyrtes) ut før. Norsk har mange lånord frå tysk frå hansetida og perioden etterpå, men det er ikkje lett å finne dei att, så norske som dei har blitt. Franske ord, som kom seinare enn dei tyske orda, er lettere å kjenne igjen. Engelske ord er enda meir påfallande. Men etter kvart vil også dei bli usynlege.

Til slutt ei lita oppgåve: Les teksten om att, og forsøk å finne så mange internasjonale ord som mogleg. Tips: Leit etter ord som ikkje er lånt frå engelsk, men som norsk har til felles med engelsk, fransk, tysk osv. Internasjonale ord er eit greitt startpunkt for alle som har lyst å lære seg eit nytt språk, dei er nemleg all over the place.

Kva er ditt yndlingslånord?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar