fredag 12. august 2011

Heim(e)

H og eg har vore på biltur denne ferien. I går køyrte me heim, og i dag er me riktig heime for første gong på fire veker. Endeleg. Det er godt å kome heim.

Nynorskordboka beskriv heime som [i heimen, på heimstaden, der ein bur]. Men er det så enkelt? Både H og eg er oppvokst andre stader, H på Vestlandet og eg i Nederland, og me har sjølvsagt besøkt begge heimstadane våre i sommar. Me har altså vore heime to gånger mens me var borte, og me har reist heimifrå to gånger for å kome heim. Nei, det er nok ikkje så lett for oss som er meir av det rotlause slaget å definera kva som er heime!

Eg interesserar meg for geografi. Månge stader har -heim som sisteledd, ikkje berre i Noreg men også i andre land: Arnhem, Pforzheim, Trondheim osv. No har eg ikkje sjekka om disse byane faktisk er heimstadane til Arn, Pforz (eller pforzane?) og Trond, men det er slett ikkje så uvanleg i germansk stedsnamnhistorie at byar veks rundt stader eller garder som er satt saman av eit mannsnamn og -heim. Her budde dei, og heimstaden deira blei etterkvart også heimstaden til månge andre. 

Dei fleste kjenner nok det tyske ordet Heimweh, heimlengsle. Men visste du at tyskarane også har motstykket, Fernweh? Ei god omsetjing til norsk er kanskje utferdstrong. Eller rett og slett: Eg treng ferie!

Hvor er du heime?
(Fleire riktige svar mogleg.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar