fredag 23. september 2011

Å/å

Eg har tidlegare skrive om bokstaven (og ordet) i, som bærer ein uforholdsmessig stor byrde språkleg sett. Ein annan bokstav som dannar eit ord heilt aleine, er bokstaven å. Me brukar ikkje å så ofte som i, korkje som bokstav eller som ord, men me greier oss ikkje utan dette særnordiske tegnet heller.

Å er einaste ord i ordklassen infinitivmerke, altså ordet som me set foran heile verbet i ein del samanhenger. Lydleg kan å vere ganske lik og, og det kan igjen føre til at ein del folk skriv Eg likar og gå på fest, ikkje Eg likar å gå på fest.

Mange bekker små gjer ein stor å, heiter det. Ordet å i tydinga "mindre elv" er eit av disse herlege, urgamle norske orda. Ikkje langt frå der eg er vakse opp, ligg eit vatn som heiter Ee, midt i Amsterdam finn ein IJ, og ellers i Nederland er det mange eksempel på små og større vassdrag som heiter Aa. Interessant, ein treng åpenbart ikkje mange lyder for å snakke om vatn.

Å er ikkje berre infinitivmerke og substantiv, men også preposisjon (i nokre få faste uttrykk) og interjeksjon, altså eit ord som me "kastar imellom", eit utropÅ, å! Kva skal eg gjera utan deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar